Vestre Slidre kommune
I tillegg til dei landsdekkande bandtvangsbestemmingane har Vestre Slidre kommune utvida bandtvangsreglane.
Det betyr at hundar skal haldast i band frå 1. april fram til og med 10. oktober i områder der dyr har rett til å beite og faktisk beiter.
Utover dette er det bandtvang heile året:
- På tettstader og bustadområde
- På område regulert til offentlege formål
- I tilrettelagde friluftsområde.
Det er bandtvang i alle lysløyper og 3 og 10 km på Vaset.
Hund har ikkje tilgang til barnehage, skuleområde, kyrkjegard eller offentleg bygg utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for bygget.