"Det er generell båndtvang i hele Norge fra og med 1. april til og med 20. august. 

I tillegg til dei landsdekkande bandtvangsbestemmingane har Sogndal kommune utvida bandtvangsreglane.

Det betyr at hundar skal haldast i band frå 1. april fram til 1. november i utmark og innmark.

Utover dette er det bandtvang heile året:

  • I bustadområde
  • I friområde og leikeplassar eller område lagt til rette for leik, 
  • I og nær anlegg for idretts- og friluftsaktivitet med unntak av organisert aktivitet.

Hundar har ikkje tilgjenge til skular, skulegarden, barnehagar, kyrkjegardar og gravlundar."
 

Se kommunens lokale forskrift