Klepp kommune
I tillegg til dei landsdekkande bandtvangsbestemmingane har Klepp kommune utvida bandtvangsreglar.
Det betyr at hundar skal haldast i band frå 1. april fram til 30. september i heile kommunen.
Utover dette er det bandtvang heile året:
- I og i tilknytning til bustad- og handleområde og i parkar
- På kyrkegardar, grav- og urnelunder
- På og ved skular, barnehagar, anlegg for leik, idrett, eller rekreasjon
- I landskapsvernområdet på Selestranda frå Sola grense til Figgjoelva, i landskapsvernområdet på Borestranda frå Figgjoelva til Fuglingane, i turområdet langs Frøylandsvatnet frå RV505 til Time grense og i Kleppelunden.