Hjelmeland kommune
I tillegg til dei landsdekkande bandtvangsbestemmingane har Hjelmeland kommune utvida bandtvangsreglar.
Det betyr at hundar skal holdes i band heile året:
- I og i tilknyting til bustadområde og handelsområde
- På og i umiddelbar nærleik til skular, barnehagar, leikeplassar og idrettsanlegg
- På gravplassar
- Der husdyr går ute eller har tilhald i opne bygningar på heilårsbasis.
Når det er organisert trening eller aktivitet i preparerte skiløyper skal ikkje hundar vera til hinder for deltakarane.