"Det er generell båndtvang i hele Norge fra og med 1. april til og med 20. august. 

I tillegg til dei landsdekkande bandtvangsbestemmingane har Hå kommune utvida bandtvangsreglar.

Det betyr at hundar skal haldast i band frå 1. april fram til 31. oktober i heile kommunen.

Utover dette er det bandtvang heile året:

  • I områder der husdyr beiter heile året
  • I og i tilknyting til bustadområde og handleområde
  • I parkar, på og ved skular, og ved anlegg for leik, idrett eller rekreasjon
  • I Jærstrendene landskapsvernområde, i Synesvarden landskapsvernområdet og Rabali plantevernområde
  • I verneområdene Søylandsvatnet og Bjårvatn.

Hundar har ikkje tilgang til barnehagar og kyrkjegardar."
 

Se kommunens lokale forskrift