"Det er generell båndtvang i hele Norge fra og med 1. april til og med 20. august. 

I tillegg til dei landsdekkande bandtvangsbestemmingane har Fjaler kommune utvida bandtvangsreglane:

Det betyr at hundar skal haldast i band i perioden frå 1. april til 1. november, i heile kommunen.

Utover dette er det bandtvang heile året på fylgjande stader:

  • I og i tilknyting til bustadområde og handleområde.
  • På tilrettelagde og/eller merka område for idrett og friluftsliv, skulevegar, merka skiløyper, badeplassar, skuleplassar, leikeplassar og merka turstiar.

I Fjaler kommune har ikkje hundar tilgang til barnehagebygningar, skular og kyrkjegardar."
 

Se kommunens lokale forskrift