Vi har fått ni flotte blakke valpar, tre hannar og seks tisper, som vil vera leveringsklare i mai. Dei kjem da til å vera svært godt sosialiserte med mange tobeinte venner. Mor er NUCH Vaalebjønn's Kb Alva, og faren er Bernegården's Theodor. Begge er topp premierte på utstilling; mora er utstillingschampion, faren har excellent, CK og cert. Dei har god helse; frie for augesjukdommar og samla HD-indeks på over 200, Kullet står på valpelista til Norsk buhundklubb, sidan det er avla i samsvar med vilkåra til raseklubben. Dei er to glade, kjærlege og tillitsfulle hundar, som elskar å vera med folka sine.

Norsk buhund er omtalt som djerv og vennleg. Dei går godt saman med både folk og andre dyr. Dei er glade i tur og passar godt som familiehund. Dei er intelligente og lærevillige og eignar seg godt til ulike former for lydigheitstrening,

Valpane blir registrerte i NKK, ID-merka, vaksinerte og helsesjekka av veterinær. Dei får også med seg ein sekk med det hundefôret vi brukar. Dei er trena på ulike situasjonar både inne og ute hos oss.

Kennel Vaalebjønn har drive med småskalaoppdrett av ulike rasar i over 40 år, det meste av tida med buhund. Nå er vi nye generasjonar som driv vidare med hundeoppdrettet, og vi har berre buhund. Følg oss gjerne på facebookgruppa «Vaalebjønn – norsk buhund».

Kontakt Daniel Gusfre Ims på tlf. 95 76 51 52 for ein hundeprat.